Logg InnBrukernavnPassord
Logg meg på automatisk hver gang    
Bli Medlem
Bli Medlem
Sjekk private meldinger
Sjekk private meldinger
Fjordhest.net Forum Hovedsiden » Fjordhestpolitikk

Start Nytt Tema   Svar på Tema
Fjording i Nord Norge (oppgaveforslag?) Gå til side 1, 2  Neste
Vis Forrige Tema :: Vis Neste Tema  
Av Innlegg
Marta



Ble Medlem: 26 Nov 2006
Innlegg: 736
Bosted: Skånland (troms)

InnleggSkrevet: Tirsdag 11 Desember 2007 - 11:43    Tittel: Fjording i Nord Norge (oppgaveforslag?) Svar med Sitat

Jeg skal ha et prosjektarbeid i eldre historie (når som helst før 1900-tallet) med valgfritt tema, så lenge det har med nordnorsk historie å gjøre.

Jeg lurer på om dere som er litt inne i fjordhestens historie har noen idéer til tema?

Jeg har veldig lyst til å grave litt rundt betydningen fjordhesten har hatt her nord. Men er usikker på hvordan jeg skal vinkle det. Jeg må vel gjerne finne ut hva jeg har av tilgjengelige, pålitelige kilder også (skal ransake biblioteket).

Jeg fikk nettopp vite om oppgaven, og jeg skal bare finne tema, som jeg må ha bestemt meg for når jeg begynner på oppgaven etter jul. Jeg klarer det sikkert selv også, men det er så mange kunnskapsrike folk her Smile Kanskje også noe som flere kunne tenke seg å lese om, så kan jeg dele oppgaven med dere når den er ferdig?
Smile
_________________
Hest.no blogg:
http://www.hest.no/blogg/?bid=756

Hestemarked VIP:
http://vip.hestemarked.no/vip.asp?brukerid=46223
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Send e-post Besøk Medlemmets Nettside
Inger
Moderator


Ble Medlem: 15 Nov 2005
Innlegg: 3263
Bosted: Naustdal

InnleggSkrevet: Tirsdag 11 Desember 2007 - 12:15    Tittel: Svar med Sitat

Det med betydningen fjordhesten har hatt i Nord-Norge, er kjempespennande!
For eit par år sida hadde vi mange interessante diskusjonar på rimfakse-forumet (forumet til n/l-hesten). Det starta stort sett med at nokon hevda sine meiningar kring "namnesaka" (nordlandshest eller lyngshest), og så var vi i gang Wink
Då grov eg ein del i gamle bøker, og fant hingstar i mengdevis (både fjording og døl) som vart frakta nordover (til Nordland, Sør-Troms, og eit par til Finmark). Desse hingstane vart sett inn i avlen, og det vart skipa mange hesteavlslag i nord. Hingstane vart stort sett brukt på lokale merrer av "gamlerasen", slik at det vart ein gjennomført krysning til fjording eller døl. Elles vart det faktisk også solgt ein god del fjordmerrer nordover. (Mellom anna dreiv Olav Lefdal på Eid mykje med handel av hest nordover, noko det står litt om i boka om han).
Rundt 2. verdenskrig var det difor så å seie slutt på hest av gamlerasen/typen i Nord-Norge, dei hadde gått over til fjordhest/døl.
Berre i Nord-Troms hadde dei holdt på den gamle hesten sin, som vart kalla for lyngshest. Grunnen til at dei ikkje ville ha fjording og døl her, var dei store kulturkollisjonane mellom embetsmenn/nordmenn og sjøsamer/kvener. Dei sistnemnde ville ikkje ha andre hestar enn sine eigne, og det var det som gjorde at lyngshesten vart berga.

Eg har vel dei listene liggande som eg laga over fjordhingstar solgt til Nord-Norge, men dei er stort sett frå 1800- og tidleg 1900-tal. Kan sjølvsagt fortsette på dei framover, viss det er av interesse.

Elles så har eg ikkje nokon god ide her og no til akkurat kva problemstillinga kan vere.....
_________________
<\____~
__/\ /\__
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Send e-post
Inger
Moderator


Ble Medlem: 15 Nov 2005
Innlegg: 3263
Bosted: Naustdal

InnleggSkrevet: Tirsdag 11 Desember 2007 - 14:07    Tittel: Svar med Sitat

For moro skuld så leita eg fram det eg skreiv for nokre år sida om fjordhest og døl i nord rundt 1900 (eg la det altså den gong ut på rimfakse-forumet, så det er skrevet ut frå eit "n/l-hest-perspektiv").
Eg legger det inn her, eg. Så kan du jo sjå om du kan bruke noko, eller om du kan komme på noko lurt utfrå det?
Kanskje det er fleire som har interesse av å lese det og, sjølv om det er "litt" langt (kvifor kan eg aldri få til å skrive noko kort?)
Må også legge til at det er lenge sida eg skreiv dette, og då mangla eg framleis nokre fjordheststambøker. Dei har eg no, så det går sikkert an at eg finner ut meir om dei fjordhingstane eg har nemnt.

------------------------------------------------------------------
Vestlands- og østlandshingstar nordpå:
Spørsmålet var: Finnes det oversikter over vestlandshingstar (fjordhestar) og østlandshingstar (dølehestar) i Nord-Norge for sånn om lag 100 år sida?
Eg har ein del namn, fakta og tal her.
I 1884 sto hingsten RIMFAXE 56 (fjordhest) hos A. G. Alsgaard, ”hvor den behandles godt og er i stigende anseelse.” Den bedekket 11 hopper det året. RIMFAXE sto i Vefsn, det får vi vite av amtsagronom Heggelund i Nordland sin årsberetning: ”Derefter bereistes efter planen enkelte helgelandske distrikter, saaledes først Vefsn, for at tilse stamhingsten ”Rimfaxe””
Elles finner eg i 1884 ingen andre ting om stamhingstar eller hesteutstillingar nordpå.
Heller ikkje i 1876 og 1878 finner eg noko om det. Diverre har eg ikkje fleire enn dei 3 årsberetningene (76, 78 og 84) frå før 1900.
Men eg har frå før nemnt gudbrandsdalshingsten BERDON som kom til Nord-Norge alt i 1864, og sto i Vefsn frå 1864-1869. Han var svart.
I Karstad si bok om Fjordhesten får vi vite i kapitelet ”Fjordhesten 1850-1880” at: ”I Nordland og Troms fylke var det nok og ein god del hest som måtte reknast for fjordhest. I dei store innlandsdalane, slike som Rana, Bardu og Målselv og liknande strok hadde dei mest dølehest. Men elles var det fjordhesttype der nord. I dei yste kyststroka og øyane var han så liten og primitiv, at det vart snakka om at det var ein eigen type eller rase, - i Lofoten og i Lyngen” og: ”I 1899 vart det stasjonert 7 fjordhingstar i Nordland og Troms.”
I 1902 fortel landbrukets årsberetninger om 8 stamhingstar i dei Nordlandske distrikt, og 3 i Tromsø amt.
I Nordland står vestlandshestane ”THOR” i Vefsn (Marken), ”SIR” i Hemnæs (Korgen), ”FRITHJOF” i Sortland, ”MØREJARLEN” i Leinæs, ”NANSEN” i Iverberg og ”TRYG” i Evenæs (Lieland). Gudbrandsdølene ”BJØRN STALLARE” står i Vefsn (Marken) og ”FROM” (eller ”Fram”) står i Hatfjelddalen.
I Troms står vestlandshestane ”THORE HUND” i Tromsø (Trondenæs) og ”FRAM” i Tromsø (Malangen). Gudbrandsdølen ”VARDEN” står i Maalselven og Bardo (Moer i Maalselven).
I Nøklebys beretning for året 1902 står det at Tryg (6 år) og Bjørn Stallare (4 år) er innkjøpt det året. I tillegg har Tromsø amts landhusholdningsselskap kjøpt gudbrandsdølen Varden i 1902, til bruk i Målselv og Bardo. Eit privat hesteavlsselskap i Målselv kjøpte også ein gudbrandsdalshingst det året (rød med bles).
Nøkleby skriver vidare at ”Saavel Vefsn som Maalselvdalføret er saaledes erobret af Dølehesten, og snart vil vistnok kravet paa denne hesteform melde sig ogsaa fra andre distrikter.
Jeg har i aarets løb holdt 2 hoppemønstringer, en i Evenæs herred i Ofoten, hvortil fjordhingst var kjøbt, og en i Vik Sogn i Helgeland, hvor adskillig strid om døl eller fjording har hersket. Paa begge steder var det overveiende tal af fremstillede dyr under 150 cm i anlæg, ja i Evenæs var kun 1 dyr af 34 over dette maal. I alminnelighed maaler vore nordlandske heste kun omkring 140 cm i anlægsmaal, og man kan næppe sige, at dølehingst passer for dette hoppemateriale. Baade Vefsn og Maalselvdalføret har dog adskillig større heste.”
Det vart dette året også avholdt ein ”statens hesteutstilling” i Vefsn. Her vart det utstilt hingster og hopper. Hingstane THOR, SIR og FROM (nemnt over) vart vist fram, i tillegg til ein annen ”FROM” (tilhøyrande Ludv. T. Søfting, Vefsn) og ”SLEF” (tilhøyrende Magnus S. Fosmo, Hemnæs). 20 hopper vart premiert, men det står ikkje annet enn namn og eigar, dermed er det uråd å seie noko om ”rasene” desse hoppene tilhøyrde.
Tromsø stifts landbruksskole (i Bodø) gjekk også til innkjøp av ein ”fleire ganger anbefalt og premiert vestlandshingst” i året 1902.
I 1903 er stamhingstane dei samme, og dei står dei samme plassane (med unntak av ”NANSEN” som har fått stasjon i Dverberg). Nøkleby skriver: ”Nye amtshingste er ikke indkjøbt i aarets løb. Og der har vistnok været liden bevægelse paa hesteavlens omraade at spore. Gudbrandsdalshingstene i Vefsn, Maalselven samt Hatfjelddalen har været meget benyttet. En del af fjordhingstene ligesaa, men ikke alle.” Også dette året avholdes statens hesteutstilling for Nordlans amt (i Vefsn). Hingstane som stilles ut er i stor grad dei samme som året før. 20 hopper premieres. I tillegg premieres ein hest (hingst eller valakk???) ved namn Odin i ein klasse kalla ”bruksdyravdelingen”.
I 1904 er det heller ikkje store endringar i hingstar og plassering. Thor er ”nu omtrent helt ute af brug som avlsdyr.” Mørejarlen står i Stegen og Ledingen (Ledingen), og Tryg står på prestegarden (Emnæs). Fram i Troms er utrangert og solgt, og Varden er flytta frå Maalselven til Bardo.
Vi får no også opplyst fødselsår for hestane:
Thor er fødd i 1889, Bjørn Stallare i 1898, Sir i 1891, Fritjof i 1894, Mørejarlen i 1895, Tryg i 1896, From/Fram i 1893, Thore Hund i 1892, Fram i 1891 og Varden i 1898.
I 1904 kjøpes det også inn 2 hingstar til Finmark (begge vestlandshestar):
”ROLF NJAALSON” fødd 1899 (stasjon Næsseby) og ”BIRKEBEIN” fødd 1898 (stasjon Alta).
Nøkleby skriver: ”Hesteavlen synes derimod ikke at fange vedblivende interesse.” Og: ”Den ”stedlige” hesterace i Finmark er af finsk oprindelse. Det er ofte temmelig store heste (over 10 kvart), men de synes i alminnelighed at være opløbne, trangbrystede og uskjønne. Men glimrende skydsheste er de, og da fjordingen bevæger sig i sagtere tempo, var rosen over den nye race ikke helt almindelig i Finmarken.”
På utstillingen i Vefsn det året møtte 8 hingstar og 44 hopper. 5 hingstar og 22 hopper vart premierte.
I 1905 er det ikkje innkjøpt nye hingstar. TRYG står på stasjon i Ballangen, elles er alt uendret frå forrige år.
Nøkleby skriver: ”Hesteavlen gaar sin jevne gang. Naar interessen for denne næringsgren har naaet minimum, reiser den sig atter lidt; saa sker netop nu. Men nogen stor rørelse er der ikke paa dette område.”
I Vefsn vart 3 hingstar (av 4) premierte, og 22 hopper (av 36).
I 1906 er det ingen forandring angåande stamhingstane, bortsett frå at ein fjordhingst ved namn TRYG har kommet til i løpet av året. Den er fødd i 1902, og plassert i Hadsel i Vesterålen (Husby). Den gamle fjordhingsten THOR i Vefsn vart utrangert og solgt i året 1906.
Nøkleby skriver: ”I et par andre herreder er der søgt dannet selskaber for kjøb af gudbrandsdalshingste. Som jorddyrkingen imidlertid endnu som regel er her oppe, spiller hestemateriellets tilstand kun en underordnet rolle, og eksporten til Sverige falder noksaa usikker. Der er saaledes neppe grund til at vente synderlig fremgang paa dette omraade i de første aar.”
Statens hesteutstilling i 1906 vart helden i Mosjøen. 3 hingstar (av 4) og 17 hopper (av 44) fekk premie.
Det ser ut for at eg mangler boka for 1907. Men i 1908 er stamhingstane i Nord-Norge stort sett dei samme som før. I Troms er det berre 1 hingst då; VARDEN. I Finmark er det dei 2 som har vore før. I Nordland er også situasjonen uendra, bortsett frå at talet på hingstar no er 8. Ein ny hingst har kommet til; ”BALDER”, vestlandshingst fødd 1903. Denne står i Fauske (Røvik).
BALDER har for øvrig stamboknummer 425. Han er fødd hos Laurits Johnsen Rise, Sortland. Fauske kommune var eigar frå 1908 til 1914. Då vart hesten auksjonert vekk til Johan Olsen Aasbak, Fauske. Far til Balder var Fridtjov 195. Det er den Fridtjov som er nemnt over (skal skrive meir om han lenger ned). Mor til Balder er Petra 340, ei grå merr fødd hos Rasmus K. Melset, Ramstaddalen, Ørskog. Laurits Johnsen kjøpte henne i 1900. Ho kom altså frå Møre og Romsdal.
Ved statens hesteutstilling i Mosjøen vart 2 hingstar (av 4) og 14 hopper (av 37) premiert.
I 1909 er det ingen nye hingstar innkjøpt. Det som er nytt i boka mi dette året, er at vi får vite antall bedekkede hopper for ein del av hingstane.
Bjørn Stallare bedekket 31 hopper i 1908, og 20 føl vart fødd i 1909. 32 hopper vart bedekket i 1909.
Fritjof bedekket 15 i 1908, 8 føl vart fødd i 1909, og 16 vart bedekket i 1909.
Mørejarlen bedekket 6 i 1908, 3 føl vart fødd i 1909, og 5 vart bedekket i 1909.
Tryg (i Hadsel) bedekket 9 i 1908, 2 føl vart fødd i 1909, og 15 vart bedekket i 1909.
Varden bedekket 47 i 1908, 25 føl vart fødd i 1909, og 41 vart bedekket i 1909.
Nøkleby skriver i 1909: ”I juni maaned kjøpte jeg under udstillingen i Molde en vakker liten fjordhingst, bestemt for Trondernes herred; men den viste sig desværre livsfarlig at behandle og blev skutt. ”
(Her kan eg legge til at denne hesten var HØVDING 304. I stamboka står det: ”Solgt 1909 til Trondenes kommune, pr. Harstad. Solgt til slakt same år. Sinnsyk.”
Nøkleby skriver vidare: ”Interessen for hesteavl er dog ikke ringe. I flere herreder har det været ført forhandlinger om indkjøb av hingst. Størrelseskravene gaar merkelig nok i to forskjellige retninger. Dels vil man ha større hest enn vor nuværende, dels vil man ha en mindre end vor nuværende, kun faa vil ha størrelsen som den er nu. Under saa forskjelligartede forhold som vore, kan begge krav være berettiget, men adskillig varsomhet maa lægges for dagen, at ikke moten skal bli den ledende paa økonomiens bekostning.”
Statens hesteutstilling i Nordlands amt vart helden i Mosjøen. 4 hingstar og 42 hopper var innmelde. Av dei fekk 2 hingstar og 18 hopper premie.
I 1909 vart det også for første gong arrangert ein statens hoppeutstilling for Tromsø amt. Denne vart helden på Kvæfjordeidet. 73 hopper møtte fram, og av desse vart 22 premiert. ”De allerfleste hopper var nærmest fjordhopper, kun et par stod gudbrandsdalshesten nær. Der blev angit paa bedækningssedlerne, hvorvidt hoppen skulde føres til gudbrandsdalshingst eller til fjordhingst. Prisdommere var foruten statskonsulenten amtsdyrlæge Buck og amtsagronom Giæver.”
Før eg går vidare, tek eg med litt frå stambøker og andre kjelder, om dei overnevnte fjordhingstane eg har funnet ut litt om:
TOR hadde stamboknr. 148. Han vart i 1893 solgt til Vefsn kommune. Tor vart utstilt og premiert i Vefsn kvart einaste år frå 1893 til 1904. Fram til 1901 fekk han 1. premie kvart år. Dei tre siste åra måtte han nøye seg med 2. premie. Han var fødd i Jølster (Sogn og Fj.) Far til Tor var Tor 94.
SIR hadde stamboknr. 168. Han var fødd i Rogaland. Solgt i 1896 til Hemnes kommune. Solgt ved årsskiftet 1908/09. Sir fekk 1. pr. i Vefsn kvart år frå 1897-1901, og 2. pr. kvart år frå 1902-1905. Sir har ein ganske interessant stamtavle, som ikkje berre inneholder vestlandshestar. Faren hans er Lord 135, som igjen er e. Erling Skjalgson 90 e. Odin 16 e. Haugebrun f. 1865 e. Harald Viking (døl). Om Lord står det eit artig stykke i eit eller annet Fjordhesten-blad eg har. (Om då dei reiste på utstilling til Kristiania med han). Mor til Lord er Kora 70, e. Sleipner 51 og u. hoppe e. Karages f. 1858. Nokon har kanskje høyrt om Karages. Han var kjend som ”Ole Bull-hesten”. Bull kjøpte hesten i Russland, og han vart oppgitt å vere ”Tscherkesser”. Han var brun med baksokker. Dei som har boka ”Norsk ryttersports historie” kan sjå bilete av han der.
Hingsten SLEF, som vart utstilt i Vefsn 1902, var ein son av Sir 168. Slef fekk stamboknr. 412, var fødd i 1899, og brun. Han var fødd hos Magnus Sivertsen Forsmo, Hemnes. Mor er ikkje oppgitt, men ein må anta at det var ei lokal nordlandshoppe.
TORE HUND (Rimfakse) hadde stamboknr. 182. Stasjon: Trondenes. Solgt 1908. Hesten fekk 3. pr. i 1895 (Ørskog), då under namnet Fleitner. Mora var rødblakk. Faren var Kraft 132 e. Sigmund Bresteson 81 e. Fridtjof f. 1875. Slekta til Tore Hund består for ein stor del av mange av dei hestane som i dag reknast som ”pur ekte fjordhestar”. Men dei kan vel ha sine ”svin på skogen” dei og. (Har no høyrt litt historier). Det er bilete av Tore Hund i stamboka, og visst er han flott, men ikkje nokon heilt typisk representant for den gamle vestnorske gardshesten akkurat.
FRIDTJOF hadde stamboknr. 195. Han vart i 1899 solgt til Sortland hesteavlslag. Slaktet hausten 1922. Som før nemnt vart Fridtjov far til hingsten Balder 425. Balder fekk også ein heilbror; NYDAL 469, som i 1912 vart solgt til Sortland hesteavlslag. Han sto i laget til 1923, då han vart solgt privat. Nydal vart fødd i 1906.
MØREJARL hadde stamboknr. 211. Stasjon: 1899-1903: Leines, Leiranger. 1904-1909: Steigen og Lødingen. Hesten vart solgt i 1909. Han var e. Kong Bele 79 e. Oskar 38.
FRAM var stambokførd som nr 380. Han var fødd 1891. Solgt 1897 til Troms fylke. Stasjon: 1897-1901 Målselv, 1902-1904 Malangen. Solgt i 1904. Foreldrene var ikkje premierte.
TRYG (den gamle, fødd i 1896) hadde stamboknr. 401, og var fødd i Stryn. Meir er det ikkje å finne om opphavet i stamboka. Og det er synd. Hesten hadde fleire eigere før den i 1902 vart solgt til Evenes kommune. Han gjekk og under namnet Herkules. Slakta 1913-syk, står det. Han var brunblakk. Frå tida i nord har eg hittil berre funnet 1 stambokkjend avkom. Det er hoppa Laddy, fødd 1905 hos Jentoft Joakimsen, Dragvik, Liland. Ho var svart. Mora står ikkje nemnt, men det var nok ei nordlandsmerr. Denne Laddy vart bedekket med Gange Rolf 553 (nemnt lenger ned). Resultatet vart Stella, fødd 1922 hos Oluf Hansen, Lakså, Liland. Ho vart igjen bedekket med fjordhingsten Finn 937, og det resulterte i Bella 10319 (fjordhest). Dette er eit ”klassisk” eksempel på korleis nordlandshesten kunne ”gå opp i” fjordhesten.
Når vi er i Evenes, befinner vi oss temmeleg nær Ballangen og Efjord. Hingstane frå dette området (Evenes/Ballangen) er difor slike dyr som hadde vore spesielt interessante å sjekke opp i mot hopper som Mona 9 og Laina 11…..
Hingsten NANSEN har eg hittil ikkje lykkes med å finne ut noko om.
TRYG i Hadsel (fødd 1902) har stamboknr. 281. I stamboka står han oppført som GÅPÅ (TRYGG). Han vert i 1922 solgt til Hans R. Aandstad, Melbo, Hadsel. Mor til denne Trygg var Håbet 329, ei merr etter Birkebein (Rask) 150. (Denne Birkebein sto forresten her i ”vårt” distrikt (1905-07 i Vevring, 1908-09 i Eikefjord.) Far til Gåpå (Trygg) sin far var Gåpå 248, ein son av Baronen 193. Tryg 281 er truleg fødd i Sykkylven (Møre.)
Hesten som i 1902 vart solgt til landbruksskolen i nord, var ROSENKRANTZ 239. Gikk ved Bodø landbruksskole under namnet Trygg. Slaktet hausten 1917. (frå 1917: ”Siden er fjordhingsten Trygg slagtet. Den var nu 18 aar, har i flere aar været noget daarlig i benene og var blit mer og mer ilter, saa den ikke kunde brukes i beite med andre hester.”)
Denne hesten vart nok brukt i avlen oppe i nord. Men før han reiste dit, vart han brukt ein sesong i Møre og Romsdal, der han var fødd (i 1897). Rosenkrantz var son av Njål 166. Frå det eine året på Møre vart han far til 2 hingstar; Rimfakse 287 og Håkon 283. Rimfakse fekk betydning som far til Kari 666 (mor til Bergfast 635, ein ”berømtheit” i fjordhesten). Håkon 283 vart kjend som ”Sykkylvs-Håkon”. Han var ulsblakk, og særs vakker (elegant). I tillegg hadde han gode rørsler, godt lynne og gode bein. (Akkurat ein slik hest eg ville brukt til merra mi!). Av feil hadde han litt lange underlår, sterkt bøygde hasar, spede koder og fransk frambeinsstilling. Han var sped og lettbygd etter den tidas krav. Truleg var han ein nokså rein ”gamaltype” av fjordhest…. Håkon vart far til 14 stambokførde søner, og ein rekke med døtre. Mange svært gode, kjende og berømte merrer er etter Håkon 283 (blant anna Liljen 706, mor til Håkon Jarl 645.)
Skjelettet til Håkon vart sendt til Bergens museum då han vart slakta i 1921. (Og han hadde altså sikkert ein god del brødre og systre oppe i Nordland…)
Det er eit bilete i stamboka av Rosenkrantz 239 (teke i 1908 av Louise Engen i Bodø). Det viser ein hest som har mange slike bygningstrekk vi kan kjenne att hos lyngshest og andre gamle norske ”naturhestar”. Tøff hest.
BIRKEBEIN (som kom til Finmark) hadde nr. 243. Der nord vart han far til FELIKS 503. (fødd 1908 hos fylkesagronom Aug. Nielsen, Alta). Mor til Feliks var ei fjordhoppe ved namn Liljen 359.
ROLV NJÅLSON 264, som og kom til Finmark, vart fødd i 1899. Far var Njål 166. Mor var Gudrun 279, ulsblakk (og med blåøygd kvit mor… og brune Fridtjof Tor Torson 144 til far).
Karstad skriver om Rolv Njålson: ”Han må såleis sikkert ha hatt noko døleblod i seg, hadde og utsjånad til det.” Då hesten var 5 år (i 1904) vart oppalaren (Ole Z. Høivik, Jølster) boden 1200 kr. av Finmark fylke for han. Statskonsulent Stenersen vart spurd til råds, og han slo ut med handa og sa: ”Berre sel denne blandingshingsten”, og så vart gjort.” Men Rolv Njålson sette varige spor etter seg før han for til Finmark. Han vart far til fleire kjende alemerer som finnes på ”alle” stamtre i dag, og til verdifulle hingstar (mellom anna Trygg 299, farfar til Bergfast 635).
Også nokre andre vestlandshingstar vart sendt nordover på desse tider. HÅKON 60 er relativt kjent i fjordhestkrinser, mest på grunn av at han vart morfar til den store avlshingsten Baronen 193. Håkon var blakk med kvit stjerne, og i 1891 vart han solgt til stortingsmann Mehus i Nordland.
Fjordhingsten HERKULES 364 vart hausten 1899 solgt til Narvik. Han var fødd i 1887.
Nokre hingstar fødd i Nordland er og nemnt i stamboka. BALDOR 395 er ein slik. Faren er Tor 148. Mor er ”hoppe fra Søfting, Vefsn”. (Det var nok ei nordlandsmerr). Baldor er fødd i 1898 hos Enok Henriksen Blaafjeld, Vefsn.
Også FROM 406 er ein son av Tor 148. Han er fødd 1898 på Søfting, Vefsn. Eigar i 1901-02 var Ludvig Petersen Søfting. Mor til From er ”Frøia f. ?” (var nok ei nordlands det og). From er nemnt over, frå utstillinga i Vefsn 1902.
FLEITNER 460 er ein ny vestlandshingst som kjem til Troms i 1910. Han vart fødd i 1906, og vart solgt til Trondenes kommune pr. Harstad. Denne hesten var son til den kjende Baronen 193. Mora var Stjerna 368, ei dotter av Rimfakse 146.
Eg har ikkje årsberetningar frå 1910, 11, 12 og 13.
Men i 1914 står 3 vestlandshingstar i Nordland. Det er den før nemnte Nydal 469, som vart innkjøpt i 1912 (distrikt Sortland), Trygg f. 1902, som og er nemnt før (distrikt Hadsel), og Gange Rolf fødd 1909, innkjøpt 1914 (distrikt Evenes).
To nye gudbrandsdøler er kommet til i Nordland. VALDRISEN fødd 1908 står i Vefsn, og GORDON (eller Gerdon) (stamboknr 807, fødd 1907) står i Brønøy og Vik. Desse dølene er mykje brukt. Valdrisen hadde 75 hopper i 1913, 58 fødde føl i 1914, og 74 hopper i 1914. Gerdon hadde 68 hopper i 1913, 41 føl i 1914, og 66 hopper i 1914. Fjordhingstane vart noko mindre brukt. Nydal hadde 27 hopper i 1913, 15 føl vart fødd i 1914, og 17 hopper vart bedekkka i 1914. For Trygg var tala 16-9-15. Gange Rolf bedekket 45 hopper i 1914.
I Troms var tala for fjordhingsten Fleitner (fødd 1906) 28-14-44.
Dølehingsten Varden (625), hadde 63 hopper i 1913, 32 føl i 1914 og 36 hopper i 1914. ”Tænkes utrangert med det første.” To nye døler kom til det året til Troms. BREIFOT fødd 1909 vart plassert i Maalselven og Lenvik. Brukt til 46 hopper. TORBEIN fødd 1910 vart plassert i Maalselven og Bardu, og brukt til 20 hopper.
Nøkleby skriver i 1914: ”Evenes tidligere hingst Tryg slagtedes i 1913.” ”Gange Rolf er en liten, men kraftig hest. Den likes godt og brukes meget i sit nye distrikt.” ”Fauske herreds fjordhingst Balder, indkjøpt i 1908, er solgt paa grund av ufrugtbarhet. I stedet har herredet uten statsbidrag indkjøpt en ikke præmiert gudbrandsdalshingst. Det maa beklages at fjordhesten saaledes synes at skulle fortrænges i denne væsentlig av smaabruk bestaaende bygd.” ”Fra Narvik eksportertes i december maaned 16 hester til Danmark. Det var for en stor del slitte vognmandshester.”
Dette året finner eg ingenting om statsutstillingar i Nordland. (Vart det ikkje avholdt nokon?) Derimot var det utstilling i Troms (på Moen i Målselv). 52 hopper møtte, av dei fekk 23 premie. ”De fleste hopper var av gudbrandsdalstype. Ogsaa kvalitativt var utstillingen meget tilfredsstillende.”
I 1915 er tala for hingstane nordpå slik (hopper bedekket i 1914-føl fødde i 1915-hopper bedekket i 1915):
Valdrissen (Vefsn kommune): 74-47-74
Gerdon (Brønnøy og Vik stamhingstlag): 66-49-62
Nydal (Sortlands hesteavlsforening): 17-8-27
Trygg (Hadsel hesteavlsforening): 15-8-18
Gange Rolf (Evenes kommune): 45-16-21
Varden (Tromsø amts landhusholdningsselskap): 36-20-21
Torbein (Tromsø amts landhusholdningsselskap): 31-18-40
Breifot (Maalselvens hesteavlsselskap): 46-35-67
Fleitner (Tromsø amts landhusholdningsselskap): 44-23-39
Statsutstillinger vart det ikkje helde i Nord-Norge det året.
Nøkleby skriver: ””Der har været stor interesse for hesteavl over hele distriktet, og stamhingstene har været meget benyttet. Til Buksnes i Lofoten er der indkjøpt en avlshingst av fjordrace, nemlig Øjstein, f. 1909, blak, 149 cm. høi, efter Friman (268). Hingsten var utstillet i Vefsn i 1913 og fik da 3dje premie.
Andre avlshingster er ikke indkjøpt hertil i aarets løp. Statshesteutstillinger blev ikke avholdt i 1915 og en hestemønstring i Bø i Vesteraalen var aarets eneste hestestevne. Til dette fremmøtte der hester av mange typer og størrelser, men de fjordhestlignende var dog i avgjort flertal. En vakker, velproportionert nordlandshest, 135 cm høi, vakte berettiget beundring. Bygden har ikkje nu og har hittil ikke hat nogen præmiert avlshingst.”
På denne tida må altså rasetypene ha begynt å befeste seg litt, slik at det var råd å sjå forskjel på ulike ”raser”. Vi ser at det då fortsatt fanst att dyr av den gamle nordlandshesttypen. Men som eg har vore inne på før, så var ”rase” enno på den tid eit noko diffust begrep. Ein hest med nordlandshestmor og fjordhestfar, ville oftast bli kategorisert som ”av fjordhesttype”. Den hesten som her vart utstilt, hadde nok ”lokale” foreldre. Det var ikkje kjend at den hadde vestlandshest eller østlandshest i stamtavlen sin. (Det hadde forresten vore artig å visst noko meir om denne hesten og utstillinga!)
Over til 1916:
Valdrissen (døl) tilhøyrer Vefsn kommune, og tala på hopper bedekket 1915, føl fødd 1916 og hopper bedekket 1916 er 74-53-83.
Gordon (eller Gerdon) (døl) tilhøyrer Brønøy og Vik stamhingstlag, og tala for han er 62-49-55.
Fridtjoff (fjording) fødd 1894 er visst fortsatt i farta. Tilhøyrer Sortlands ældre hesteavlsselskap. Tala er 4-4-5 for han.
Nydal (fjording) tilhøyrer Sortlands nye hesteavlsforening, og tala for han er 27-15-18.
Trygg (fjording) tilhøyrer Hadsel hesteavlsforening, og har tala 18-12-20.
Gange Rolf tilhøyrer Evenes kommune, og bedekket 21 hopper i 1915.
To nye vestlandshestar har og kommet til Nordland no:
ØJSTEIN (fjording, fødd 1909) tilhøyrer Buksnes hesteavlsselskap. Brukt til 43 hopper i 1916.
FJELDFASTSØN (fjording, fødd 1912) tilhøyrer Beiarns hesteavlsselskap. Brukt til 23 hopper i 1916.
I Troms var hingstane:
Torbein (døl) tilhøyrende Tromsø amts landhusholdningsselskap. Brukt til 40 hopper i 1915 og 67 hopper i 1916.
Breifot (døl) tilhøyrande Maalselvens hestavlsselskap hadde tala 67-43-78. Men som ein marknad står det at ”3 hopper døde i drægtig tilstand, 4 kastet. 50 hopper var altsaa vaaren 1916 drægtige.”
Fleitner (fjording) eigd av Tromsø amts landhushaldningsselskap hadde tala 39-22-24.
Nøkleby skriver i 1916: ”Hesteprisene har været høie og en følelig mangel paa hester har gjort sig gjældene. Vore stamhingster har været meget benyttet og der konfronteres stadig om indkjøp av nye. Der blev dog ikke indkjøpt mer end en avlshingst i aarets løp. Denne heter Fjeldfastson,”…..”Den er født i 1912, er 150 cm høi, lysborket, falden efter statens Fjeldfast.”
”Hesteutstillingen i Vefsn avholdtes iaar. Der har ikke været hesteutstilling der siden 1913. Utstillingen var godt besøkt og bestanden var meget god. Distriktet kan visselig glæde sig ved synbar fremgang paa hesteavlens omraade.
Hoppeutstillingen for Tromsø amt avholdtes i Maalselven. Den var ogsaa godt besøkt og hestenes kvalitet var meget tilfredsstillende. De allerfleste hester i Maalselven, Bardo og Sørreisa herreder har nu gudbrandsdalshestens præg.
Utpaa høsten avholdtes der en hesteutstilling i Lyngen for at bringe paa det rene, om restene av nordlandshesten kan reddes. Bestanden var meget blandet og jeg nærer adskilig tvil om, hvorvidt en nordlandsrace vil kunne fremelskes med hesten i Lyngen som grundlag. Statsdyrlæge Olsen, som interesserer sig meget for dette spørsmaal og som fungerte som prisdommer sammen med mig, hadde dog bedre tro. Han har lovet at levere en mer utførlig beretning om denne utstiling.”
I Vefsn vart det i 1916 utstilt 2 hingstar og 44 hopper. I Tromsø (Målselv) møtte det 37 hopper. 22 fekk premie.
I 1917 er tala for dei ”gamle” hingstane i Nordland slik:
Valdrissen: 83-50-76, Gordon: 55-32-70, Fritdjof: 5-1-0, Nydal: 18-?-?, Trygg: 20-12-10, Gange Rolf: 50-22-?, Øjstein: 43-30-29, Fjeldfastsøn: 23-3-11.
Tre nye hingster er kommet til Nordland det året. RAVN (døl) eiges av Alstens hesteavlsforening, og er brukt til 36 hopper. RØREK (døl) eiges av Mo hesteavlsforening, og er brukt til 32 hopper. SNØG (fjording) eiges av Steigens hesteavlsforening.
I Troms har Torbein (døl) tala 67-ca 60-og – Fleitner (fjording) sine tal er 24-15-22. Ein ny døl er dette året innkjøpt til Troms; FJELDUR, tilhøyrende Sørreisa hesteavlsforening. Den er brukt til 47 hopper.
Nøkleby skriver i 1917 om dei nye hingstane dette året at både Rørek og Ravn er etter Bamsen. Fjeldur er etter Galdesøn. Snøgg er etter Dalegubben. Elles skriver han: ”Vi driver ingen førende hesteavl og trænger ikke at kjøpe mer end typesande, gode hester. Bedre har vi vel heller ikke faat dem. Men under den forutsætning mener jeg de betalte priser er helt overdrevne.” (Rørek vart kjøpt for 8500,- Ravn for 5500,- Fjeldur for 7500,- og Snøgg for 3500,-) Vidare: ”De høie priser paa disse nye hingster synes at ha hat den eiendommelige virkning paa hesteopdrætterne her oppe, at de skammer sig over sine tidligere indkjøpte hingster, fordi de er for billige. Saaledes har Maalselvdalens hesteavlsforening solgt sin i 1914 indkjøpte hjælpehingst Breifot, der var betalt med kr 1600,-, og sterke klager er kommet over bygdens anden avlshingst Torbein, der er kjøpt for kr. 3500,-, trods dens 3dje pr. paa Lillehammer og i Kristiania i 1914.”
”Aarets hesteutstilling i Vefsen og hoppeutstillingen paa Kvædfjordeidet hade god tilslutning og interessen for hestavl er betydelig. Stemningen for gudbrandsdalshesten er atter i stigende. Saaledes har der baade i Fauske og i Trondenes, 2 vistnok velsituerte bygder, men med smaa bruk, været adskillig paa tale at søke gudbrandsdalshingst anskaffet. Jeg har imidlertid ikke fundet rimelig grund til at anbefale nogen systemforandring i disse bygder, hvor fjordhesten hittil har hat herredømmet.”
I Vefsn vart det utstilt 4 hingstar og 30 hopper. I Tromsø amt (på Kvæfjordeidet) møtte 58 hopper. 26 vart premiert. ”Utstillingen var temmelig ujevn især fordi gudbrandsdalshesten begynder at trænge sig ind.”
Årsberetningen for 1917 er den siste eg har. Eg har eit lite samandrag frå 1918 og, som fortel at det vart kjøpt 1 ny fjordhingst til Troms det året.
Elles er det talt opp dyr i Norge i 1918 (og i 1907).
I 1907 var det 172 468 hestar i Norge. I 1918 var det 220 900 hestar. Dette var ei auke på 27 %.
Eg kan jo seie litt om dei ”nye” fjordhingstane som kom til i perioden etter 1910:
GANGE ROLF hadde stamboknr. 533. Fødd 1909 i Tresfjorden, Sylte. (Altså eit Møre og Romsdal-oppdrett). Solgt 1914 til Evenes kommune. Brunblakk. e. Trygg 299 u. Frøia 539 (e. Gange Rolv 261 ) Frøia 539 var lys brun. Gange Rolf kunne difor gi 50% ikkje-blakke avkom med ikkje-blakke merrer. Elles er han av kjente fjordhestslekter på både mor og farside.
ØYSTEIN har stamboknr. 550. Han er brunblakk, og fødd på Stranda (også ein Møre og Romsdal-hest). Solgt i 1915 til Buksnes og Hals hesteavlslag, Buksnes. Far er Håkon 441, også kjent som Tulipan. Denne hesten er kjent i fjordhestkrinser som ein stor tråvar (far hans, Frimann 268, skulle ha noko døl i stammen, og var visstnok svært døleprega sjølv). Håkon (Tulipan) er med i dei fleste fjordheststammer i dag, fordi han vart morfar til den vidkjende Molnesblakken 792. Mor til Øystein var den kjende Duen 353 (mor til mange hopper og hingstar, med Hårfager Bolsøy 509 (far til Håkon Jarl 645) som den fremste).
FJELLFASTSON hadde stamboknr. 613. Han var fødd i 1912. Også denne hesten var ”møring”. Han vart i 1916 solgt til Beiarns hesteavlslag. Fargen var ulsblakk, og hesten kan dermed godt ha spreia ”gulanlegget” noko nordpå. Far var Fjellfast 458 (e. Frimann 268 og u. Veiborg 288), mor var Dana 562 (e. Birkebein 243 og u. Fløien 324).
SNØGG 650 vart fødd i 1913 i Sykkylven (Møre og Romsdal). Solgt 1917 til Steigen hesteavlslag. Han var etter Dalegubben 502 (far til Bergfast 635) og under Blid 655 (e. Fremad 275 u. Liljen 175). Brunblakk.

Det eg tenker når eg leser desse oversiktene og tala, er at fjording og døl må ha hatt ein nokså betydeleg påverknad på deler av hestebestanden i nord. Spesielt i Nordland og søndre og ytre deler av Troms, der stamhingstane sto.
Viss ein tek svært forsiktig i, så kan ein til dømes tenke seg at alle desse lagshingstane til saman vart fedre til gjennomsnitleg 75 føl pr år. (Og mange år var det jo betydeleg fleire. Nokre år kanskje opp i mot 200, eller meir). I løpet av ein 20-års-periode (1900-1920) vert det 1500 føl. Truleg var antalet større, kanskje 2000 eller fleir. Eg har ikkje peiling på totalt hestetal i dei ulike kommunene i Nordland og Troms i denne perioden. Eg veit heller ikkje om dei avla noko hest for sal til andre landsdeler (truleg var det lite, eg har inntrykk av at handelen helst gjekk motsatt veg).
Dette er sjølvsagt ting som kan sjekkes opp.
Det eg finner, er i alle fall ei telling frå 1900, som står i stambok 1 for dølehesten. Der er det oppgitt at samla hestetal for Nordland då var 8147 dyr. Av dei var 7042 over 3 år gamle. Det vil seie at 1105 var under 3 år. Ein kan såleis rekne med at det i denne perioden vart fødd om lag 370 føl i året i Nordland. Talet på hingstar (over 3 år) var 355, valakker (over 3 år) 3123 og hopper (over 3 år) 3564. Ein forholdsvis stor del av hestane var dermed valakker, og ein må ut i frå det tolke det som at det ikkje vart drevet så mykje avl for salg ut av landsdelen. (Til samanlikning var det i Sogn og Fjordane (Nordre Bergenhus) 1219 valakker av eit samla hestetal på 9621. Og i Møre og Romsdal (Romsdals amt) 2120 valakker av 9888 hestar totalt. Hordaland (Søndre Bergenhus, utan Bergen by) hadde 2134 valakker av 8270 hestar. Rogaland (Stavanger amt) hadde 1866 valakker av 11151 hestar. Alle desse fire Vestlandsfylka dreiv mykje med handel og sal av hest til andre landsdelar).
Troms hadde 5138 hestar i 1900. Av dei var 4266 over 3 år. 872 under 3 år. 192 hingstar, 2065 valakker og 2009 hopper. Finmark hadde 933 hestar, av dei var 750 over 3 år, og 183 under. Av dei over 3 år var det 53 hingstar, 422 valakkar og 275 hopper.
Utifrå desse tala og opplysningane kan ein jo begynne å tenke og å stille spørsmål….
Ein må jo også nesten rekne med at mange av dei hingsteføla som vart fødd i nord (etter dei godkjende fjording/døle-hingstane), vart solgt privat, og satt inn i avlen (uten premie eller stamboknummer). Ein må då ta med i berekningen at eit antal føl hadde blandings/fjording/døle-far også utanom dei som var etter godkjent hingst….
Det at Nøkleby stiller seg skeptisk til om det er noko att av den opprinnelege hesten i nord i 1916, tyder jo på at dei fleste hestane då var blanda med døl/fjording, eller reine fjordinger eller døler etterkvart. At utstillinga for hesten i nord vart helden nettopp i Lyngen, kan vel tyde på at det var der det var flest ublanda nord-norske hestar. Eller?
Eg trur nok at Nordland og Sør-Troms vart temmeleg ”invadert” av hestar frå sør etterkvart. Det kan i alle fall virke slik… . (Men her får jo kvar og ein tenke sine eigne tankar, og trekke sine konklusjonar).
Elles så er det ein annen ting eg merker meg når eg leser stambøker over fjordhopper frå 1930 og 40-åra. (Skal komme meir tilbake til det i eit seinare innlegg) Og det er: Veldig få av dei hestane som er utstilt i Nordland, er fødd i Nordland! Storparten av dei er kjøpt frå Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal…. Men det skal eg komme tilbake til, for no har eg som vanleg skrive alt for mykje… (Og eg som skulle skrive kort….)!
Dølehingstane over veit eg ikkje noko særlig om enno. Eg har så få dølestambøker. Og desse hingstane vart tydelegvis heller ingen ”matadorer” som er nemnt i bøker om dølehest heller.
Litt har eg funnet:
I band 15 av dølestamboka finner eg at GERDON 807 vert solgt i mars 1922 til Kristian Nøstvik, Homelstø. Bedekket siste gang i 1923. Drept høsten 1923.
Eg finner også (i bind 18 av dølestamboka) at VALDRISEN hadde stamboknr. 848, og at han vart solgt i 1921 til Oluf Bjørnaa, Vefsn.
Vidare finner eg ein dølehingst ved namn BAMSEGUTTEN 1054, som vart premiert i Vefsn i 1919, og som vart eigd av Vefsn herred.
Dølen EINBUG 1131 vart i 1921 eigd av Halvor I. Wærstad, Berg i Helgeland. (e. Brimin 825 u. Tofta 2056). Han var fødd 1915 på Dovre (Oppland).
VEGAR 1165 (døl) vart kjøpt av Vik og Brønnøy hesteavlsforening i 1922. Han var fødd 1917 på Vinstra (Oppland), og var e. Etnar 945 og u. Fjeldrosa II 3524.
FAVNER 853 (døl) vart seld 1918 til Tromsø.
RØREK 925 (døl) vart solgt i 1923 til Nord-Rana kommune, Ytteren i Helgeland.
Diverse andre fjordhingstar som kom til Nord-Norge tidleg (rundt 1920):
-I 1920 kom GENERALEN 710 til Trondenes (Troms). Han var fødd i Breim (Sogn og Fjordane) i 1916 (e. Trygg 308 u. Freia 661)
-I 1920 kjøpte Ankenes kommune MODIG 720, fødd 1916 i Møre og Romsdal (Stranda). Han var e. Bamsen 553 og u. Duen 353. Han hadde altså samme mor som overremnte Øystein.
-FORD 754 vart seld til Hadsel kommune i 1922. Han var fødd 1918 i Sunnylven (Møre og Romsdal). Faren var Wergeland 679, og mora var Nya 1011.
-TERJE 769, fødd 1918 i Norddal (Møre og Romsdal), vart i 1922 seld til Troms fylke. Han var e. Sterkoder Øerne 652 og u. Viktoria 820.
-TORSTEIN 771 vart seld til Sortland kommune i 1923. Han var fødd 1918 i Stryn (Sogn og Fjordane). Faren var Jordang 595, og mora var Kirkesblakka 547.
Dette er dei fjordhingstane eg finner i bind 2 av fjordheststamboka. Diverre mangler eg fleire hingstebøker etter det. Men eg skal no greie å rote fram litt meir uansett. (Men det får eg ta ein annen dag)….
Håper dette var litt til hjelp. Ein del ”tørre fakta” vart det i alle fall……. PUH….
----
Meir fjording og døl i nord før 2. verdenskrig:

Døl:
Som før nemnt har eg dårleg med dølestambøker. Nokre har eg visst, og her fann eg litt:
Bjørn Stallare (nemnt over) hadde stamboknr. 610. Eg fann ei hoppe etter han i ei stambok. Denne hoppa var Guri f. 1911. Ho var fødd hos O. Poulsen i Vefsn, og premiert i Vefsn 1920. Mor til Guri var Flora f. 1894 i Nord-Trøndelag (ei dølemerr…). Flora vart premiert i Vefsn i 1903. Flora og Bjørn Stallare vart også foreldre til hingsten Breifot f. 1909. Han har eg og nemnt før. Breifot fekk 3. pr. i Vefsn i 1913, og vart då solgt til Målselv hesteavlsforeining. Utmønstra 1917. Guri f. 1911 fekk føl med Valdrissen 848, som eg og har nemnt før. Følet var Juno 7859 (døl). Ho vart premiert i Vefsn 1919 og 1921. Juno fekk i 1920 eit føl med ein hingst på Granmo i Hattfjelldal. Det følet heitte Tyra, og vart seld til Sverige i 1921. I 1921 fekk Juno føl med hingsten BUHAMMER 1007. Eg synes det ser ut som at den hingsten også sto i Nordland, då eg har funnet andre avkom etter han i nord også.
Ein kar ved namn O. J. Trallerud i Hattfjelldal kjøpte dølemerra Trallerudbruna f. 1898 frå Verdal. Ho fekk premier i Vefsn 1903 og 1907. I lag med From 497 (ja, der fann eg nummeret på han og!) fekk ho dottera Nylandsbruna f. 1910. (Premiert i Vefsn 1913, 16, 17, 19 og 23). Nylandsbruna fekk Tyra 7655 med Valdrissen 848 i 1914. Premiert i Vefsn 1917, 19, 20 og 21. Solveig 7750 fødd 1915 var ei dotter av Trallerudbruna og Valdrissen. Ho vart premiert i Vefsn 1919, 21 og 23. Solveig fekk i 1921 dottera Sessel med Buhammer 1007.
Tyra 7655 fekk følet Stella i 1918, og ein hingst i 1920. Begge desse var etter Valdrissen. At ein hingst sto i samme distriktet i mange år, kunne altså lett føre til slike far-dotter-paringer.
Dølehoppa Berit II 7783 var ikkje fødd i Nord-Norge, men ho vart solgt dit. Det var Troms fylkeslandbruksskole, Gibostad, som var kjøpar.
Enno ei dotter av Valdrissen var Gunna 7840. Fødd 1916 hos Lars Thorsen, Mosjøen. Ho vart premiert i Vefsn 1919, 20 og 21. I 1920 fekk ho hingsteføl med Bamsegutten 1054, som eg og har nemnt før. Gunna si mor var Baldora f. 1892. Gunna har og ei halvsyster; Baldora f. 1904. Ho er etter Bjørn Stallare. Baldora fødd 1904 får dottera Perla 7628 med Gerdon 807. (Som eg og har nemnt før.) Perla får ei ”heilside” i stamboka, og her er det mykje rart å finne. Perla sjølv er fødd 1914 hos Mikal Holland, Vik i Helgeland. Premiert Vefsn 1920 og 21. Mormor til Perla; Baldora fødd 1892 (hos A. Z. Alsgård, Mosjøen), vart premiert i Vefsn 1896, 97, 98, 1900, 02 og 05. Denne gamle Baldora vart også mor til hingsten BJØRNSON 759. (Ein må vel anta at han også var etter Bjørn Stallare…). Far til Baldora fødd 92 var hingsten BALDOR, fødd 1887 i Solør. Baldor var etter Sindre 297, og kjøpmann A. B. Jürgensen i Mosjøen kjøpte han (Baldor) som føl i lag med merra Svestadborka f. 1876. Denne Svestadborka hadde fleire andrepremier då ho vart solgt nordover. Ho vart solgt drektig, og i 1888 fødte ho sonen LOKE (e. Galde 308). Loke vart utstilt i Vefsn 1892, 93 og 94. Loke omkom i ein innhegning ved stallen i 1895. Baldor vart kastrert i 1891. Mor til Baldora fødd 92 var Strauma, fødd 1869. (Utstilt i Vefsn 1878). Far til Strauma var den før nemnde Berdon 37. Når det gjelder mor til Strauma, står det i stamboka: ”Hoppe tilhørende J. Nilskog, Drevjen. Borket, av stedegen nordlandsrase.”
Perla 7628 fekk føl med Ravn 996 (ja, der fann eg enno eit nummer!) i 1918, 19 og 20. I 1922 fekk ho føl med Valdrisen.
Her ser ein altså korleis nordlandshesten kunne gå opp i dølen.
To andre hopper eg har funnet (i det vesle materialet eg har om døl) som vart seld frå sør til nord, er Stjerna 7644, fødd 1914, og seld til Jens Haugen, Vefsn. Premiert Vefsn 1921, og Åsa 5354, solgt 1920 til Schjelderup Hals, Halsnøy i Vefsn.
Under hoppa Tora 8177 finner eg ei hoppe (føl av Tora og Kong Snø 742) fødd i 1918, ”solgt til Nordland”.

Ein ting som slår meg, er at det ser ut som om mange av dei hestane som vart utstilt (og premiert) på utstillingane i nord faktisk var reine ”døler” eller ”fjordinger”. Det var ikkje berre hingstar som vart seld nordetter, men også mange hopper.
Ein annen ting eg tenkjer på, er at historia til hesten i Nord-Norge er spennande. Både når det gjelder dei gamle, stedeigne typene, og når det gjelder innførselen av hestar frå andre landsdeler i seinare tid. Og det er jo nesten ingen ting som er skrevet om dette emnet! Vi har mange fine bøker om døl og fjordhest. Men det finnes så og seie ikkje eit ord om avl og hestar i Nord-Norge der. Alt eg finner, må eg plukke fram frå stambøker, årsberetningar og annet gamalt. Hadde det vore ein ide om nokon hadde laga bok om historien til hesten i nord? Sånn generelt, meiner eg. Ikkje berre om ein spesiell rase, men ut i frå litt vidare perspektiv….

------------------------------------------------------
_________________
<\____~
__/\ /\__
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Send e-post
Inger
Moderator


Ble Medlem: 15 Nov 2005
Innlegg: 3263
Bosted: Naustdal

InnleggSkrevet: Tirsdag 11 Desember 2007 - 14:15    Tittel: Svar med Sitat

Meir om hest i nord(som eg skreiv før det andre der): http://www.rimfakse.no/forum/read.php?f=1&i=2565&t=2565#reply_2565

Har lagt ut eit utdrag av det før her: http://fjordhest.net/forum/viewtopic.php?t=136
(Men då har eg ikkje teke med så mykje av det som omhandlar hesten i Nord-Norge).
_________________
<\____~
__/\ /\__
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Send e-post
Marta



Ble Medlem: 26 Nov 2006
Innlegg: 736
Bosted: Skånland (troms)

InnleggSkrevet: Tirsdag 11 Desember 2007 - 15:33    Tittel: Svar med Sitat

Oj, Inger, du bekrefter herved noe jeg har mistenkt svært lenge... Du er definitivt et levende oppslagsverk!
Tusen takk for inspirasjon og fakta!

Jeg kan ikke skrive noe særlig om det som har skjedd etter 1900 (Historiefaget stopper ved 1900 tallet i vg2, til neste år kommer det som skjedde 1900 og senere)

Jeg klarer alldeles ikke bestemme meg for hvordan jeg vil konsentrere meg om temaet. Tror kanskje jeg er bittelitt mer interessert i hva som har fått hvilke konsekvenser for dagens fjording av det som har skjedd her mtp avl, enn hva fjordhesten har betydd for folk her om kring. Men så skal dette fremføres for klassen min, så jeg tror problemet kan bli å få nok dybde for min egen del, men likevel gjøre det presentabelt for folk som ikke har snøring på hest og ikke ser forskjell på døl og fjording Laughing
Jeg lurte også på å finne en litt mer presis problemstilling, uten at den blir for sær, men det var ikke helt lett Razz

Det slår også meg at det er skrevet svært lite om avl i nord norge. Og jeg syns det er et svært spredt miljø her, i sær for fjordingen. Jeg syns det hadde vært utrolig spennende å komme litt mer inn i avlsmiljøet, da jeg vet flere har fjordinger (jeg vet bare ikke hvor de er/hvordan jeg tar kontakt) og antar at noen må drive med avl av dette? Det er dog ikke så stort som f.eks avl av varmblods, nordlandshest, sportsponni, welsh cob, m.fl. -i alle fall ikke som jeg vet om.

Noe som plager meg litt er at jeg husker bokbussen kom kjørende til skolen en gang da jeg gikk i niende. Jeg gikk inn i den, og satt og bladde i noe lokallitteratur om hester i kvæfjord og i nærheten av harstad, som var samlet i et lite hefte av en gruppe ungdommer for en del år siden. Jeg husker ikke hva dette lille heftet het, hvem som samlet det, når det ble samlet, eller noen ting... Jeg husker bare at jeg hadde tenkt å låne det, men hadde ikke lånekort med meg. Og det var siste gang jeg så noe til bokbussen. Men jeg tror kanskje biblioteket kan ha noe med den å gjøre (med mindre det er en fylkesstyrt buss, jeg aner ikke), tror jeg skal spørre på biblioteket. Hvis ikke er det jo svært mulig de har noe annet spennende. Det var nemlig interessant, med små historier og beskrivelser av hestene, bilder, o.l. Husker ikke så veldig godt, men jeg har hatt lyst til å finne det igjen en stund.

Jeg tror det er viktig at noen får samlet det vi har av kultur og fakta her mens vi enda har det, og jeg tror det er et rimelig stort prosjekt å skrive noe dekkende og bra om hest generelt her nord. Jeg har interesse for alle de gamle norske hestene her om kring, men tenkte jeg i denne oppgaven skulle prøve å gjøre problemstillingen liten og utdypet, uten at det blir så sært og uforståelig for alle andre at ingen skjønner noe Wink Må huske på at det er en skoleoppgave.
_________________
Hest.no blogg:
http://www.hest.no/blogg/?bid=756

Hestemarked VIP:
http://vip.hestemarked.no/vip.asp?brukerid=46223
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Send e-post Besøk Medlemmets Nettside
Inger
Moderator


Ble Medlem: 15 Nov 2005
Innlegg: 3263
Bosted: Naustdal

InnleggSkrevet: Tirsdag 11 Desember 2007 - 16:53    Tittel: Svar med Sitat

Det høyrdes spennande ut med det heftet du nemner. Kan eg få lov til å spørje om nokon veit kva dette kan vere for eit hefte på rimfakse-forumet?
Der er det ein del folk frå nord, så KANSKJE nokon veit noko meir?
_________________
<\____~
__/\ /\__
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Send e-post
Inger
Moderator


Ble Medlem: 15 Nov 2005
Innlegg: 3263
Bosted: Naustdal

InnleggSkrevet: Tirsdag 11 Desember 2007 - 17:01    Tittel: Svar med Sitat

Hm, forresten.... Ved hjelp av min fantastiske (???) hjerne, kom eg på eit spor. Kom på at det sto noko i Bondebladet (?) for ikkje så lenge sida, om eit hesteprosjekt. Gjetta på at det var på Trondarnes museum, det var liksom det som høyrdes rett ut etter min hukommelse. Og: http://www.tdm.no/HK/default.asp?cmd=100&Show=2
Kan det vere dette?
Det står meir om dette Hesteprosjektet her http://www.tdm.no/HK/
Kanskje dei kan hjelpe deg med stoff?
_________________
<\____~
__/\ /\__
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Send e-post
Marta



Ble Medlem: 26 Nov 2006
Innlegg: 736
Bosted: Skånland (troms)

InnleggSkrevet: Tirsdag 11 Desember 2007 - 17:55    Tittel: Svar med Sitat

Det er akkurat dette prosjektet jeg tenkte på, du er fantastisk Very Happy
Ser også på den nettsiden at det ikke finnes noe data for skånland kommune, og det er jo min kommune, så da kunne jeg kanskje skrive skoleoppgave og supplere nettsiden i samme slengen Wink Det er et museum her i nærheten som er en gammel gård, og de har noen bilder på veggene av gamle fjordinger med navn under (men kanskje ikke fra før 1900..) Jeg må sjekke det ut. Kanskje jeg kan høre litt med noen av sauebondene om de har hatt gamle slektninger med hester Smile

Dette kan jo bli riktig så spennende!
_________________
Hest.no blogg:
http://www.hest.no/blogg/?bid=756

Hestemarked VIP:
http://vip.hestemarked.no/vip.asp?brukerid=46223
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Send e-post Besøk Medlemmets Nettside
-Tine



Ble Medlem: 16 Okt 2006
Innlegg: 68
Bosted: Lenvik

InnleggSkrevet: Torsdag 13 Desember 2007 - 11:56    Tittel: Heftet fra Kvæfjord Harstad Svar med Sitat

Jeg har det heftet fra Kvæfjord/Harstad her en eller annen plass, og jeg tror det nok var etter 1900. Men jeg skal finne det fram og sjekke.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Marta



Ble Medlem: 26 Nov 2006
Innlegg: 736
Bosted: Skånland (troms)

InnleggSkrevet: Torsdag 13 Desember 2007 - 22:42    Tittel: Svar med Sitat

Det kan kanskje være vankselig å finne fra før 1900? Men jeg vil!
_________________
Hest.no blogg:
http://www.hest.no/blogg/?bid=756

Hestemarked VIP:
http://vip.hestemarked.no/vip.asp?brukerid=46223
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Send e-post Besøk Medlemmets Nettside
-Tine



Ble Medlem: 16 Okt 2006
Innlegg: 68
Bosted: Lenvik

InnleggSkrevet: Fredag 14 Desember 2007 - 14:47    Tittel: Svar med Sitat

Nå har jeg funnet det heftet, og det var bare etter 1900..
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Marta



Ble Medlem: 26 Nov 2006
Innlegg: 736
Bosted: Skånland (troms)

InnleggSkrevet: Tirsdag 22 Januar 2008 - 13:40    Tittel: Svar med Sitat

Okei, idag begynte jeg med prosjektet!

Jeg vet det er en samisk boplass her, som nå er et slags museum, hvor jeg minnes å ha sett bilder av fjordinger på veggen samt noen gamle tyske saler og masse utstyr fra krigen og før der igjen. Tenkte jeg skulle prøve å få tak i dem som driver museet der, selv om det ikke er åpent på vinterstid. Læreren min skal se om hun kommer i hug noen lokale allvitere. Ellers er alt jeg har å gå etter Ingers spennende skriverier (som kanskje ikke konkret er den infoen jeg ser etter, men som gir meg langt bedre innsikt og kanskje noen ledetråder å ta tak i). Så nå er det ut og forske! Ønsk meg lykke til Wink
_________________
Hest.no blogg:
http://www.hest.no/blogg/?bid=756

Hestemarked VIP:
http://vip.hestemarked.no/vip.asp?brukerid=46223
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Send e-post Besøk Medlemmets Nettside
st. einar



Ble Medlem: 05 Mar 2006
Innlegg: 1006
Bosted: Eid

InnleggSkrevet: Tirsdag 22 Januar 2008 - 14:42    Tittel: Svar med Sitat

Lykke til!Smile Det er flott at du har valgt eit slikt emne.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Send e-post
ElizabethH



Ble Medlem: 13 Nov 2007
Innlegg: 141
Bosted: Stokke, Vestfold

InnleggSkrevet: Tirsdag 22 Januar 2008 - 14:43    Tittel: Svar med Sitat

Wow Inger... WOOOOW!

Lykke til med prosjektet "Glittra"Smile
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Inger
Moderator


Ble Medlem: 15 Nov 2005
Innlegg: 3263
Bosted: Naustdal

InnleggSkrevet: Tirsdag 22 Januar 2008 - 14:50    Tittel: Svar med Sitat

Lykke til! Håper du legger ut resultatet her når du er ferdig, slik at vi får sjå. Wink
_________________
<\____~
__/\ /\__
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Send e-post
Vis Innlegg fra:   
Start Nytt Tema   Svar på Tema    Fjordhest.net Forum Hovedsiden » Fjordhestpolitikk Alle klokkeslett er CET (Europa)
Gå til side 1, 2  Neste
Side 1 av 2

 
Gå Til:  
Du kan ikke starte nye temaer i dette forumet
Du kan ikke svare på temaer i dette forumet
Du kan ikke endre dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke delta i avstemninger i dette forumet

Powered by phpBB © 2001, 2002 phpBB Group
iCGstation v1.0 Template By Ray © 2003, 2004 iOptional