Logg InnBrukernavnPassord
Logg meg på automatisk hver gang    
Bli Medlem
Bli Medlem
Sjekk private meldinger
Sjekk private meldinger
Fjordhest.net Forum Hovedsiden » Annonseringer

Start Nytt Tema   Svar på Tema
FØRDE: Følskue, Unghestkurs og Brukshestriding NB NYE DATOER
Vis Forrige Tema :: Vis Neste Tema  
Av Innlegg
Toril



Ble Medlem: 03 Jul 2006
Innlegg: 165
Bosted: Førde

InnleggSkrevet: Tirsdag 11 September 2012 - 17:03    Tittel: FØRDE: Følskue, Unghestkurs og Brukshestriding NB NYE DATOER Svar med Sitat

Fredag 12.10.12: Medlemskveld for Fjordhestlagetpå «brunosten»

Kl 19:00-19:10 Informasjon om planlagde aktiviteter og kurs i Fjordhestlaget ved Anne Siril. Tidsplan for helga ved Kari Anne og Sissel. Ta imot bet for dei som ikkje har bet for aktivitet i helga
Kl 19:15 Informasjon om følkurset og følutstilling.
Kl 20:00 Pizza og brus kr. 100. teori fortsetter. NB! Det er tenkt at dei yngste medlemmane kan gå når dei har ete pizza.
Kl 20:30 Kort gjennomgang av viktige punkt i avlsplanen og bruksprøvereglement, samt nyttige tips ved førebuing av hest til bruksprøver og premiering. Ved Jonas Vevle og Janne Seilen
Kl 21:30 Vel heim!


Laurdag 13.10.12: Unghestkurs og følskue

09:00 Unghest gruppe 1
10:00 Unghest gruppe 2
11:00 Unghest gruppe 3
13:00 Følskue, kåring av beste hoppeføl, beste hingsteføl, og dagens føl. Dommar: Jonas Vevle

Ca. 15:00 Unghest gruppe 1(gruppe 3 er hjelparar)
16:00 Unghest gruppe 2(gruppe 1 er hjelparar)
17:00 Unghest gruppe 3(gruppe 2 er hjelparar)
19:00 Middag(enkel gryterett) for dei vaksne hos Kari Anne i Presteholten 32.


Søndag 14.10.12: Unghestkurs- konkurranse/brukshestriding

10:00 Unghest gruppe 1
11:00 Unghest gruppe 2
12:00 Unghest gruppe 3
13:30 Brukshestriding
Ca 16:00 Opprydding og takk for no

Medlemmane som ønsker det, kan trene i ridehallen lørdag og søndag når dei planlagde aktivitetane er ferdige


Bli med!
ALLE kan vere med ! Er du heilt nybyrjar ellerhar mykje erfaring? Jonas tilpassar undervising for kvar enkelt, og dessutan hjelper vi kvarandre! Denne helga er tenkt som ein kjekk start på vinteren og inneforing av ung- hestane våre, samstundes som vi arrangerer følutstilling med flotte premiar, heder og ære til den som ser finast ut. Fjordhestlaget har jobba mykje med rekruttering og har fått mange nye, unge nye hesteentusiastar i miljøet. Knøttecupen/brukshestriding er tenkt for desse.

Jonas Vevle

Er eit navn som alle med erfaring innan utstilling og oppdrett av Fjordhest i Norge kjenner til. Han har stilt ut utallige hestar, og er som oftast på toppen av premielistene. Jonas har lang erfaring frå temjing og oppdrett av hest, og har dei siste åra hold mange kurs i regi av «fokus unghest». Jonas er utdanna både bruksprøvedommar og eksteriørdommar, og vart i år vald til leiar av avlsutvalet i Noges Fjordhestlag. Fjordhestlaget er kjempeglade for at Jonas har sett av ei helg til oss i Førde.

Unghestkurset

Er for alle hestar frå 0 år og oppover. Alt frå leiing i grime, til påseling, tømmekøyring og forspenning. Skriv gjerne litt om hesten din når du melder deg på. Deltakarane vert delt inn i grupper etter alder og kor langt dei er komne i utdanninga
Ser unghesten din pjuskete, langhåra, tynn / tjukk ut? Har du ikkje hatt grime på heile sommaren? Skulle du ha smidd hovane? Du treng ikkje vere redd for at hesten din ikkje er i form til å vere med på dette kurset. Jonas er her for å hjelpe oss til å komme i gang.

Knøttecup/brukshestriding

Vi set opp klassar for deltakarar med og utan leiar, banene vert hengt opp i ridehallen søndag morgon, og det vert gjennomgang av bana 15 min før første start. ALLE kan vere med, også dei vaksne! Mykje moro, og sløyfer til alle.

Følskue

Føla skal visast lause kvar for seg, helst saman med mora. Mønstraren traver sakte med hoppa langs veggen i ridehallen, og følet vil då springe med , slik at det vert godt for dommaren å sjå følet i bevegelse. Etter at du har vist følet i bevegelse, stoppar du hoppa, og følet vil sannsynlegvis stoppe, slik at dommaren får sjå følet når det står i ro. Dersom du vil, kan du ha med ein hjelpar som spring bak og «jagar» føler forsiktig framover med ei lang pisk. Vi har pisk til dei som ønsker å låne det. Vi er klar over at dei fleste hesteeigarane ikkje er vane med ein slik måte å mønstre føl. Grunnen til at vi ønsker å gjere det slik, er at det er ein enkel måte bådet for følet og eigaren.

Påmelding

Påmelding til følskue, unghestkurs og knøttecup skal skje på mail til kar-ind@online.no, tlf. 91867566 eller sissel.gurvin@c2i.net, tlf. 93021021

Betaling

Fjordhestlaget sitt kontonummer: 3700 20 38553 merk giroen med navn og aktivitet. Dersom du ikkje har nettbank, må du betale kontant til Sissel Bruland eller Kari Anne i løpet av helga.
Unghestkurs kr. 500, Brukshestriding/ knøttecup kr.50, Følmønstring kr. 100


Sist endret av Toril den Mandag 24 September 2012 - 17:44, endret 1 gang
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
heljar



Ble Medlem: 06 Apr 2006
Innlegg: 1468
Bosted: Sogn og Fjordane

InnleggSkrevet: Tirsdag 11 September 2012 - 22:52    Tittel: Svar med Sitat

Akkurat no angra eg i 3 sekunder på at billettane til feiren er bestillt ... Høres ut som ei kjempehelg eg gjerne skulle vore med på, og likte veldig godt føllutstillingsvrien!
_________________
Alt er mulig bare en vil det nok!
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Send e-post
Toril



Ble Medlem: 03 Jul 2006
Innlegg: 165
Bosted: Førde

InnleggSkrevet: Lørdag 15 September 2012 - 18:23    Tittel: Svar med Sitat

Ja dette må bare bli helt supert. Kjekt å få prøve noe nytt Smile Godt sammensatt helg for hesteeiere men hester i ulik alder, selv de minste får være med Wink
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Toril



Ble Medlem: 03 Jul 2006
Innlegg: 165
Bosted: Førde

InnleggSkrevet: Mandag 24 September 2012 - 17:45    Tittel: Svar med Sitat

OBS OBS Nye datoer, flytta til 12 - 14 oktober
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Vis Innlegg fra:   
Start Nytt Tema   Svar på Tema    Fjordhest.net Forum Hovedsiden » Annonseringer Alle klokkeslett er CET (Europa)
Side 1 av 1

 
Gå Til:  
Du kan ikke starte nye temaer i dette forumet
Du kan ikke svare på temaer i dette forumet
Du kan ikke endre dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke delta i avstemninger i dette forumet

Powered by phpBB © 2001, 2002 phpBB Group
iCGstation v1.0 Template By Ray © 2003, 2004 iOptional