Logg InnBrukernavnPassord
Logg meg på automatisk hver gang    
Bli Medlem
Bli Medlem
Sjekk private meldinger
Sjekk private meldinger
Fjordhest.net Forum Hovedsiden » Fjordhestens farger og avtegn

Start Nytt Tema   Svar på Tema
Sølvgen hos fjorhest.
Vis Forrige Tema :: Vis Neste Tema  
Av Innlegg
nordlyng



Ble Medlem: 27 Mar 2006
Innlegg: 39
Bosted: Naustdal

InnleggSkrevet: Mandag 27 Mars 2006 - 18:29    Tittel: Sølvgen hos fjorhest. Svar med Sitat

Hei. Hei.

Driv sjølv med avl på nordlandshest og shetlandsponni.

Men sidan eg bur midt i tjukkaste fjordhestland har eg no bestemt meg for å kjøpe fjording. Har til januar 2007 før eg får råd å kjøpe fjording. Så om noken høyrer om flotte hoppeføll som kjem til verda i år eller det er voksne hopper som treng ein an plass å vere må de gje meg ein lyd. Wink

Men poenget her er at eg har lyst på ein fjording med litt anleis farge 2007.

Det er heilt klart ikkje det viktigaste. Lynne og eksteriør er viktigst men farge er ein bonus for å seie det sånn.

Det eg altså lurer på er om det finnes fjordingar som er sølvfarga. I teorien gjer det det men har ikkje sett noken i praksis.

Ein slik sølvfarga fjording har antakelig kvit eller grå ål då sølgenet bleikar svarte hår.

All info om saka er supert.

Mvh Dagmar Vigdis. Smile
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Send e-post Besøk Medlemmets Nettside
Inger
Moderator


Ble Medlem: 15 Nov 2005
Innlegg: 3263
Bosted: Naustdal

InnleggSkrevet: Mandag 27 Mars 2006 - 18:51    Tittel: Svar med Sitat

Hei!
Klipper og limer litt, eg. Du har nok lese dette før, for dette er eit innlegg eg hadde på rimfakse-forum på slutten av året 04.
Men ein reprise skader vel ikkje? Laughing

"Når det gjelder sølv og blakk (og evnt sølvgen hos fjordhesten) så er det visst slik at ein blakk hest med sølvgen vil få litt lysare (grå) stripe i manen. Og kroppsfargen vil bli litt rødlig (rødskjær). Man og hale vil difor ikkje bli heilt lys. Det er den berre på rødblakke og gulblakke hestar.

På nett-sida http://www.icelandichorse.is/osilver.htm kan ein sjå bilder av blakke hestar med sølvgen. Islandshest med blakk og sølv kalles ”bleikvindott”.

Eg har sant og seie aldri sett fjordhestar som har vore brunblakke, ulsblakke eller gråblakke med GRÅ midtstol (manstripe)….. (Har berre sett rødblakke med slik stripe).
Men på bilder eg har sett (i bøker og på nettet) av hestar med blakk + sølv, ser det ut for at dei også kan ha litt svart i mana i blant.

Sjølv trur eg faktisk at det er ein god del fargegener hos hest som enno ikkje er heilt klarlagt. Det er mykje som er litt merkeleg. Tenkjer då for eksempel på ”primitive avteikn”, ”viltbrune” hestar, ”pangare-genet”, og enkelte ting som kan henge i hop med blakk farge elles, men som og kan finnes hos hest utan blakk farge. Det er (heldigvis) enno mykje u-utforska….

Ein ting eg har sett på eit par fjordinger (blant anna ei her i Naustdal/Eikefjord) er ein farge som er ein smule ”mystisk”.
Det finnes nemmeleg fjordhestar som er ”rødblakke nede og brunblakke oppe” (!). Altså: Dei har bein utan svart på. Beina har røde/gråaktige/brune primitive avteikn. Men så har dei svart stripe i man og hale…. HM.
Kan legge inn bilete viss nokon er interessert.

I stambok nr 2 for vestlandshesten (fjordhest) står det ein hingst som etter beskrivelsen kan høyres ut som ein ”sølvblakk”. Det er Per Gynt 765. Beskrivelse av fargen: ”Lys brunblakk med rødlig skjær, melert man og pannelugg, lyse ben.” Det er bilde av han og, men det er i svart/kvitt, og vanskeleg å bli klok på.
Elles er det ein interessant ting at Per Gynt er heilbror til Håkon Jarl 645, ein stor ”hingstelinje-skapar” i fjordhesten. Desse hestane er ”linjeavla”, med fleire forfedre som går att mange gongar. Kanskje fargevarianten med lyse bein hos fjordhesten er eit ressesivt gen? Kva veit eg…

Nokre fjordhestar har heilt kvit pannelugg, og veldig lys hale. Kanskje nokre av desse er ”sølv”…? Eg har tidlegare vore inne på tanken at alle fjordhestar kunne ha eit slags ”sølv-gen”, sidan dei har dette lyse (kvite) på sidene av man og hale. Har då tenkt at genene for primitive avteikn på ein eller annen måte ”overstyrte” dette ”sølv-genet”, slik at stripa vart svart uansett. Men det må i så fall vere eit annet (og ressesivt) ”sølvgen” enn det vanlege. For krysninger med fjordhest har jo (oftast) nesten einsfarga mørk man. Dessuten har jo ikkje fjordhesten den der augesjukdommen som skal følge sølvgenet. Så det er nok noko anna. Men kva då… ? (Det finnes jo blakke hestar med einsfarga man og. Tidlegare fantes også fjordhestar med einsfarga man).

Nei, personleg har eg visst aldri sett ein fjordhest som eg kan seie (med handa på hjertet) at er ”sølvblakk” (eller kva ein no skal kalle det)…. Men mykje snålt er det, med desse hestefargane. Jo meir ein veit om det, jo meir skjønner ein at ein ikkje veit… (For å seie det sånn)…
Ps: Skrevet litt i full fart dette her...."

(Og bittelitt redigert av meg no i dag.)
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Send e-post
Efwa



Ble Medlem: 21 Mar 2006
Innlegg: 223

InnleggSkrevet: Tirsdag 28 Mars 2006 - 8:58    Tittel: Svar med Sitat

Vad är "sölvgenen" för något?
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Send e-post
Inger
Moderator


Ble Medlem: 15 Nov 2005
Innlegg: 3263
Bosted: Naustdal

InnleggSkrevet: Tirsdag 28 Mars 2006 - 9:06    Tittel: Svar med Sitat

Sølvgen eller sølvfarge er det som de i Sverige kallar "silver". På islandsk "vindott".
Genet (arveanlegget) bleikar svart farge til lysare.
Ein sølvsvart / silversvart / silver dapple er svart eller sjokoladebrun eller noko sånt i pelsen. Man og hale er kvit, gul, grå, sølvfarget...
Ein sølvbrun / silverbrun / silver bay er rødbrun i pelsen, med kvit, gul, grå eller sølvfarga man og hale. Lett å ta feil av sølvbrun og rød, men den sølvbrune har svart/grå farge på beina.
Ein sølvborket /silvergulbrun / silver buckskin er lys gulaktig på kroppen, og har kvit, grå, gul eller sølvfarga man og hale. Denne fargen kan vere lett å forveksle med gul / isabell / palomino.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Send e-post
Efwa



Ble Medlem: 21 Mar 2006
Innlegg: 223

InnleggSkrevet: Tirsdag 28 Mars 2006 - 9:17    Tittel: Svar med Sitat

Tackar för en bra beskrivning.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Send e-post
avur



Ble Medlem: 23 Apr 2006
Innlegg: 35
Bosted: Oslo

InnleggSkrevet: Søndag 23 April 2006 - 11:53    Tittel: Svar med Sitat

Hei!

No er det jo lenge siden du skreiv innlegget om sølvgen, men eg svarer for det.
Eg har òg sett fjordhester med litt merkeleg farge, blant anna ei hoppe som liksom er midt i mellom raudblakk og brunblakk. Ljose bein, men grå midtstol. Men ein vanleg sølvbrun hest plar jo ha mørke bein og kvit/sølvfarga man, så det rimer ikkje heilt? Dei sølvblakke islandshestane eg har sett, har hatt kvit man og hale, utan at det treng å si noko :)

Så vidt eg veit er det berre i Rocky Mountain Pony det finst ein samanhang mellom sølvfargen og augesjukdom. Det kom frå ein sølvfarga hingst som bar på anlegg for sjukdommen. Dei to anlegga sit kanskje veldig nært saman?
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Anna Kristine
Moderator


Ble Medlem: 14 Nov 2005
Innlegg: 1095
Bosted: Fevik

InnleggSkrevet: Søndag 07 Mai 2006 - 1:26    Tittel: Svar med Sitat

Jeg har ei lys brunblakk hoppe som er gråaktig i det svarte (og ikke brunaktig som de to andre), hun har røde øyevipper (ikke svart-brun-gråmelert som de andre) og ganske lyse bein.
Da hun var nyfødt var jeg først usikker på om hun var helt hvit, for jeg kunne kanpt se noen farge på henne til å begynne med, men i og med at hun var etter to brunblakke foreldre var jo hvitt en umulighet. Dessuten hadde hun noen få grå hårstrå i mana. Jeg sparte på den første mana jeg klippet av henne, og det svarte er grått som grå Knott (som ikke er våt).

Er dette vanlig for lyse brunblakke hester?






_________________
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Vilde
Moderator


Ble Medlem: 06 Mar 2006
Innlegg: 3776
Bosted: Enebakkneset

InnleggSkrevet: Søndag 07 Mai 2006 - 7:45    Tittel: Svar med Sitat

Sitat:
og det svarte er grått som grå Knott (som ikke er våt).


Vil bare si at det var en utrolig bra beskrivelse Laughing
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Pauline



Ble Medlem: 15 Mai 2014
Innlegg: 10
Bosted: Northern Germany

InnleggSkrevet: Tirsdag 03 Februar 2015 - 12:36    Tittel: Svar med Sitat

A few years ago I saw a brunblakk stallion from Norway here in Germany:
Jettas Max of Perakrossen.

The stripe in his mane was grey over the hole length!
[/url]http://www.islandhunde-shop.de/Koerung%20NMS%20PSB%202012/album/Hengste%20je%20Rassegruppe/Fjordpferd/58%20Jettas%20Max/slides/58%20Jettas%20Max%20(5).JPG[url]
I wondered which color-gen could be responsible for that and thought about silver too. - I have never seen something like that before or since
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
LiselottFosse



Ble Medlem: 16 Jun 2016
Innlegg: 1

InnleggSkrevet: Torsdag 16 Juni 2016 - 13:08    Tittel: Svar med Sitat

Meget bra beskrivelse. Har noen av dere prøvd Dyrepensjonat før ?

Lise
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Vis Innlegg fra:   
Start Nytt Tema   Svar på Tema    Fjordhest.net Forum Hovedsiden » Fjordhestens farger og avtegn Alle klokkeslett er CET (Europa)
Side 1 av 1

 
Gå Til:  
Du kan ikke starte nye temaer i dette forumet
Du kan ikke svare på temaer i dette forumet
Du kan ikke endre dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke delta i avstemninger i dette forumet

Powered by phpBB © 2001, 2002 phpBB Group
iCGstation v1.0 Template By Ray © 2003, 2004 iOptional